Vinskvetten snart 50år:

Ute av kontroll!

Når no dei fleste i Vinskvetten har pensjonert seg frå vanlege jobba, fått ungane ut av huset, skulle jo ein tru at karane har fått betre tid til speling, øving og skriving av nye songar, men sånn er da altså ikkje.
Før i tie var vi oppteken på kvar vår arbeidsplass, vi køyrte ungane på fritidsaktivitetar, hjelpte med lekser, malte hus og hytter, jobba i hagen var på dugnad mm og i tillegg hadde vi altså tid til å møtast fleire kveldar i veka i øvingslokalet vårt – Flor`n. Sånt driv vi ikkje med lenger. Nei, no er da bere tilfeldig om alle i Vinskvetten er i landet samstundes. Da er da som har skjedd. Folk er ute og reiser, og dei blir vekke i månadsvis. Dette har kome heilt ut av kontroll, og framover har vi sett da nødvendig å inndra passa til dei mest reiselystne.

For framover skal vi jobbe med 50-årsjubileet vårt som er i 2025. Her skriv vi, om enn noko seint, nye songar som med tid og stunder skal bli ei ny plata. Så driv vi med finpussing av dei gamle songane og ikkje minst styrer vi med «kven skal ut?». Kva for songar som ikkje får plass i den nye jubileumsframsyninga. I tillegg til det store jubileet har vi og ein del spelejobbar rundt i distriktet som vi gleder oss til.

Kontakt oss om du vil ha oss til å laga haraball for deg:
Mobil 92 68 72 12 eller send epost til post@vinskvetten.no

Vinskvetten:
Kven er dei?

Kva heiter Belbert’n eigentleg?
Kven er dei andre?

Vinskvetten:
Diskografi

Her finn du heile lista med album som Dei fem uimotslåelige har gitt ut.

Vinskvetten:
Historia

Korleis kunne miraklet Vinskvetten skje? Korfor er Salhusfolk så vittige?