You are currently viewing Historia

Historia

Når Vinskvetten går på scena på Rick’s med showet «Mysteriet på Ullaloftet«, har det gått 35 år sidan første plata deira «Data-dagros» / «I fyr’n«. Endå 5-6 år tidlegare var dei i gong som fast innslag på Salhusrevyen. Dei går aldri tom for nye vitsar! Humoren er den same, men foredla gjennom tiår! Årgangen 2019 blir garantert av det ypperste slaget, og ryktet seier at Vinskvetten er i studio.

Frå amatørrevy til folkeeige

Idrettslaget Norna Salhus Logo

Bjørn Jensen sine første steg på scena var på den årlege Salhusrevyen i 1975, då idrettslaget Norna-Salhus for første gong var med i denne revyen. Fotballgutane song denne gongen på engelsk. Men to år seinare var dei tilbake med norske songar – ein parodi på Salhuskvintetten sin «Fiskarlåt», og deira eige første tekstarbeid «Gråtetid», etter Buck Owens-låta «Crying Time». På revyen kalla gruppa seg «Salhus Vinskvetten Vodka Cinzano«, etter den meir namngjetne kvintetten Salhuskvintetten Olkabilamo.

Steinar Toft, Knut Langeland, Bjørn Ivar Rusten, Stein Langeland, Karl Atle Knappskog, Bjørn Jensen og Jarle Farestveit var dei 7 deltakarane som tok Vinskvetten vidare frå revyscena. Det offisielle namnet på gruppa blei Salhus-Vinskvetten, men i 1997 blei Salhus fjerna frå namnet og Vinskvetten sto fram åleine, som den reine og foredla årgangs-skvetten har var blitt.

Platedebut

I 1984 platedebuterte Salhus-Vinskvetten med «Data-dagros» / «I fyr’n«. I 1987 gjekk gruppa i studio for å spela inn si første langspel-plate (LP): Besetninga hadde då funne si endelege form: Bjørn Jensen (vokal, gitar), Gunnar Låstad (bass, vokal), Jarle Farestveit (trekkspel, vokal), Arild Totland (vokal, trommer) og Øyvind Østerbø (vokal, gitar).

Platå cover

Plata kom ut under namnet «Platå» etter meir enn eitt år, men det tok endå eit år før snøballen tok til å rulla for platesalet. Det var etter at låta «Fergebilletøren» var blitt spelt stadig oftare på lokale radiostasjonar. Fergebillettør Peder frå Salhus var ein type dei fleste bilistar på Vestlandet hadde støtt på i kvar ein fjordarm med fergekai: «Ikkje køyr inn på ferjå før eg har sagt køyr inn på ferjå! Køyr inn på ferjå!» og dei forunderlege reknestykka han vrei ut or seg, kjende vestlendingane berre så altfor godt att. Og dermed var Vinskvetten på veg mot stjernene!

På Helså Laus cover

I 1991 kom neste store landeplage frå Vinskvetten: «På helså laus«, produsert av Yngve Sætre. Denne selde 30.000 eksemplar, og Salhus-Vinskvetten blei ettertrakta overalt på Vestlandet. I 1994 kom «På nye eventyr«, produsert av Geir Luedy, med låter som «Dans på Grasdal» (video her).

Ronnyen og kveitebollen

Rånnyen og Kveitebollen cover

«Rånnyen og Kveitebollen» kom i 1997, produsert av Geir Luedy, inneheldt nye fulltreffarar som tittelsporet om korleis mobbaren og mobbeofferet sit fast i dei same rollene mange år etterpå. «Dagen derpå-gospelen» Hoanna Hoanna er ei musikalsk perle, og «Belbertn sin tale» er ei latterbombe av ei studie i språkleg tullball, klisjear og talemåtar på vidvanke. Albumet selde 35.000, og blei tidenes suksess for Vinskvetten. No hadde eit av dei store plateskapa vakna og meldt interesse. Det resulterte i samleplata «Dei Beste» på EMI i 2000.

I 2002 var Vinskvetten tilbake på sitt eige selskap Pilkapala Radio med plata «Du sa det var for bi bi«. Salet av denne og det aller siste albumet «Stapp-mett» frå 2005 var ikkje så bra. Men mange av BA-lesarane som fekk sjansen å stille spørsmål til Vinskvettane tykte plata var gode greier. I 2006 kom den siste revyen ut på DVD, og salet av denne gjekk ganske bra.

I 2008 sette gruppa opp avslutningsshowet sitt på Rick’s Teater i Bergen, i samarbeid med NRK. «No kjem dei tre siste«, som showet heitte, var så vellykka at speletida måtte utvidast fleire gonger. I alt blei det selt 35.000 billettar. Showet blei gitt ut på ein dobbel-DVD.

Prisar

I 1985 fekk Vinskvetten Målrock-prisen frå Hordaland Mållag, ei stor ære for ei gruppe som «berre hadde eit par idrettsmerke, ein svømmeknapp og fire fødselsmerke frå før». I 1990 blei dei heidersmedlemer i målungdomslaget «Allær redd«, for bruken av strilemålet i songtekstane. Ikkje så rart: i 1988 kom Platå, der ei av låtene heitte «Halda på målet» – eit spark til silkestrilane, dei svake sjelene som ga seg til å knota bymål når dei fekk telefon frå Bergen. (Youtube)

Vinskvetten er framleis ikkje heilt arkivert – dei spelte på julebord på Stord 2011, så det er framleis sjanser for å treffe på den elleville gjengen ein stad nær der du bur!

I 1996 kom Bård Ose og Arne Ristesund med boka «Helseslaust – historien om Salhus Vinskvetten» på Eide Forlag.

Vinskvetten med revy på Rick's nov-des 2012

Bertel frå Vinskvetten lever vidare i Bjørn sine solo-show – ånda hans kan nok aldri heilt sleppa taket i Bjørn, og bra er det!

Fram mot jul 2012 gjekk «Me gjer oss aldri» på Rick’s i Bergen, og endå måtte vi ha fleire forestillingar våren 2013. Vinskvetten dukkar opp når ein minst ventar det. Bergens Tidende likte det dei såg og høyrde.

Dei Fem UimotSlåelige

Dei fem uimotståelige

Og så, i 2019, braka det laus på ny med show på Rick’s: Mysteriet på Ullaloftet!

Og sanneleg, når fleire av oss hadde gitt opp håpet – flaska var ikkje tom – her kjem endå ein velsmakande skvett: Dei Fem UimotSlåelige (2019)

Andre ressursar:
Om vinskvetten på Wikipedia – kraftig oppdatert side!
Vinsketten på Rockheim
Om vinskvetten på ballade.no

Vinskvetten sine fans på Facebook

Vinskvetten-videoer på Youtube

Kontakt oss om du vil ha oss til å laga haraball for deg:
Mobil 92 68 72 12 eller send epost til post@vinskvetten.no